fredag 4. september 2009

Nynorsk, ikkje noko problem!

Mange av dagens skuleelevar hatar nynorsk. Eg er ikkje ein av dei! For oss som bur i Stavanger burde dette faget vera ekstra lett, me snakkar jo nesten nynorsk. Eg har nesten alltid fått betre karakterar i nynorsk enn det eg har fått i bokmål.

Når eg sett meg ned og skal skriva ein tekst på nynorsk så skriv eg først teksten så godt eg kan, dei orda eg ikkje kan markerar eg.

"Dei satt rundt bålet, SOMMEREN var snart omme." - Eg markerar ordet "sommeren" fordi eg er usikkar på korleis eg skriv dette ordet på nynorsk. Så når eg har skreven ferdig teksten går eg tilbake og rettar alle dei orda som eg har markert før eg les gjennom teksten og rettar moglege feil.

Lykke til med nynorsken!

Erik!