onsdag 10. februar 2010

Referater og handlingsreferater

DET FOLK VIL HA!?!

I teksten ”DET FOLK VIL HA!?!” som er skreven av Are Kalvø prøvar han å fortelje oss kva folk vil ha. Han meinar at ut i frå det som blir vist på TV og presentert som det folk vil ha, er heilt annerledes en kva ein eigentleg ønskjer. Kalvø meinar at det ein eigentleg vil ha er dårleg kultur, som TV-programmet Idol. Det blir skreven at han ikkje forstår kvifor dei som alltid skal representere meiningane til ”folket” har så forskjellige tankar enn resten av befolkninga. Han brukar eksemplar som er veldig relevante og eg delar mange av synspunktane han kjem med. Verkemiddelet som han brukjer mest er utan tvil ironi, og dette brukes gjennom heile teksta.

Det Are Kalvø eigentleg lurar på er kva er det eigentleg folk vil ha? Og kva er det ein vil ha? Vil ein ha, som han nemner i teksta, ei gammal dames meiningar om kva ein vil ha?


GJER LEKSENE DINE GUT

Denne teksta handlar om at når ein har fått ein oppgåve, ein lekse eller noko ein må gjere så lønner det seg å starte i god tid, slik at du slipp å stresse med å bli ferdig før fristen utgår. Når ein stressar med å bli ferdig med ei tekst hendar det også at ein skriv eller gjør unødvenige feil som ein lett kan unngå. Det han prøvar å fortelje oss er at ein må disponera tida godt.

Are Kalvø veit kva han snakkar om, fordi han innrømmer at han sjølv ikkje alltid har vært flink til å disponera tida han har hatt tilgjengelig. Har skriv også om at han grunnet dårleg planlegging har blitt nødt til å droppe ting for å få oppgåva gjort.

Grunnen til at han skriv om disponering av tid er at han er bekymret for at deltakerane på klimatoppmøtet i København ikkje hadde forbredt seg god nok som førte til at dei blei nødt til å sitte langt ut på natt for å bli enige om noko.


IKKJE AMERIKA, MEN AMERIKA

Denne teksta handlar om at det er vanskelegare å lære om Sør-Amerika framføre Nord-Amerika. Kjartan Fløgstad skriv om at elevane får betre tid til å arbeid med Nord-Amerika og at dette kontinentet ikkje har så mange forksjellege og små land. Han meiner også at kulturen ikkje er så veldig ulik den vi har i Noreg. Fløgstad meinar at Sør-Amerika har for mange og vanskelege land og at kontinentet burde vore strøket frå verdenskartet, i hvertfall for ein prøveperiode.

Det er heilt klart at hovedtanken bak teksta er at ein burde fjerne Sør-Amerika frå undervisninga og at kontinenten like godt kunne vore strøket frå verdenskartet. Det er relativt tydeleg at denne teksta er skreven med ein god del ironi. Det er også brukt ein metafor i at Sør-Amerika representerar nynorsk mens Nord-Amerika representerar bokmål.



FÅ MEG PÅ, FOR FAEN

Teksta handlar om ei jente som har ein drøym om å komme på TV. Ho går rundt å tenkar på kva ho skal seie, men ingenting skjer og ho ender tilbake på jobb.

Temaet til teksten er om folk flest. Alle har ein drøum om å bli noko stort, men ikkje a

lle når denne draumen. Jenta i denne teksta drøumer om å komme på TV og bli kjendis, men må forsette i sin gamle jobb.


NYGIFT

Nygift handlar om ei dame som les eit ukeblad. I dette ukebladet står det skreven ei novelle som ho les for ei gammal dame på sykeheimen kor ho arbeidar. Novella handlar om ein mann som er på bryllupsreise med kona si. Dama får forestillingar om at det er mannen hennar det står skriven om og blir sjalu og irritert fordi ho meinar mannen må ha truffet forfatteren av novella etter at de gifta seg. Når ho er ferdig med novella har den gamle dama sovna, så ho ringer heim for å høyre om mannen hennar e heime. Dette er eit tydelig tegn på at ho ikkje stolar på ektefellen hennar.

Eg trur temaet i teksten er tillitt, kjærligheit og sjalusi.


DEN GRØNE KOMMODEN

Denne novella handlar om eit par som ønskar å gjere det slutt. Det er ho som ønskjer å gjere det slutt. Ho har vært utro, men han virkar ikkje særleg brydd med at ho vil gå frå han. Det einaste han tenkar på er at han vil behalde den grøne kommoden som han har mange minner med

. Kommoden er eit minne om dei, noko dei hadde til felles og som sagt så vart mange av minnane hans knytta til denne kommoden.